Nettsaker
Hva skjer 'AUtgivelserOm tidsskriftet

Arkitektstudentens hjem: Brage

I ein vaskekte «bumaskin» frå 60-talet finn vi Brage sin bustad som arkitektstudent i Berlin. Han tek oss med gjennom bygninga som er lokalisert i hjartet av Tiergarten, på grensa mellom Charlottenburg og Mitte.
Tekst
Elise Brandsvik Skeide
Tekst
Brage Årøen
Foto
Martin Alvenes
1.12.2023

– Nemn ein arkitekt som inspirerer deg?

– Ah, det er eigentleg alltid ordentleg vanskelig å finne éin arkitekt som inspirerer meg! Ein kan kanskje seie ein slags fusjon mellom Alvar Aalto og Sverre Fehn. Eg har alltid hatt ein slags forkjærleik for modernismen frå 60- og 70-talet. Grunnen til det er vel bruken av varme og til dels organiske materiale, på same tid som ein skaper system og gode rom å vere i. Spesielt finske arkitektar er veldig gode på å skape rom med gode indirekte lysforhold med flotte romlege effektar.

– Korleis kan ein sjå det i heimen din?

– No bur jo eg i ein 8-etasjers «bustadsmaskin» i betong frå 60-tallet. Det har i og for seg ingenting med inspirasjon å gjere, men heller ein mangel på bustadtilbod i ein by som Berlin, og det var det eg fekk tak i. På mange måtar er jo bygget symptomatisk for den perioden eg ofte blir inspirert av. Sjølv om det er 9m2 rom, så er det gode lysforhold og faktisk ein liten fransk balkong. Men korleis kan ein sjå at det er min heim? Jo, det er kontinuerleg litt rotete heile tida.

– Korleis har du sett ditt personlege preg?

Eg har jo prøvd å få inn litt planter, funne ein ståande IKEA papirlampe frå eBay Kleinanzeigen (tysk Finn.no) og kjøpt ein gammal DDR kinostol. Eg har forsøkt å fylle eit relativt sterilt betongrom med litt krimskrams. Sporadisk inventar gjer jo at institusjonspreget forsvinn litt, så det er kanskje det eg har gått for.  

Kva for eit rom er hjarterommet?

– Tja, det må jo kanskje vere fellesstua. Det er ikkje spesielt fint der. Det er der det er stovemøblar og spisebord. Alt av inventar er utemøblar av stål, sidan det er ein av dei få typer møblar som er branngodkjente for bygget. Men det er der alle samlast. Bygget er på ein måte delt opp i to romfløyar i kvar etasje, der stova ligg midt i mellom. Det blir difor veldig fort eit opphaldsrom, festrom og ein møtestad for dei 22 medbuarane. Det er på ein måte hjartet av kvar etasje. Er også der heisa og trappa ender, og dermed ein ganske jamn flyt med folk som kjem og går.  

– Kva er konseptet?

Heile fasada er av glas utanom der radiatorane står. Alle soveromma ligg i langfasada, og så går våtromma som ei kjerne gjennom heile bygget.  Det er ein klassisk lamell. Eg kan sjå føre meg at konseptet er effektivitet og funksjon. På det feltet lykkast bygget eigentleg ganske godt. Sjølv om vi bur 22 stykk saman i ein etasje, så venter ein ikkje lenge på dusj eller kjøkkenplass. Det er ein effektiv studentblokk med 150 internasjonale studentar fordelt på sju etasjer.

– Er det ein heim? kva betyr ein heim for deg?

– Det er jo ein heim for eit år, men det er også berre for eit år. Dette er ikkje nokon langvarig heim. Det er eit studentkollektiv med høg grad av utskifting av medbuarar. For min del er ein heim ein stad ein kan trekke seg tilbake. Ein stad der ein kan kople heilt ut frå all kvardagsstøye.

– Kva er det beste med å bu her?

– Det sosiale. Når ein bur med 21 andre menneske i same kollektiv blir ein tvangssosialisert. Ein får utruleg mykje gratis sosial kontakt. Det blir heile tida arrangert festar i dei ulike etasjene, og det er alltid noko å hive seg med på om ein vil det. Også er det 15 min gangavstand frå universitetet, som er sjukt sentralt for Berlin å vere. I tillegg brukar eg 2 minutt på å komme meg til S-Bahn, som gjer alt veldig tilgjengeleg.

– Kva er det dårlegaste?

– At eg bur med 21 menneske.  Det er jo sjukt mange å dele eit kollektiv med. Det er jo hyggeleg, men når ein har to kjøkken, og må dele dusj og toalett, så blir ein litt lei i lengda.

– Kan du beskrive denne heimen med eit ord?

– Folkerikt.

– Kor høgt er det under taket?

– Tjaaa, det må jo vere 2,5 eller 2,6 kanskje. Trur det er høgare enn 2,4 i alle fall.

– Har denne heimen nokon hemmelegheiter?

– Nei, eigentleg ikkje. Men alle møblane som ikkje er av stål i fellesareal er brakt inn av medbuarar. Men Studierendenwerk (Tysk samskipnad) tillater ikkje andre møbler enn deira eigne, grunna brannkrav. Difor er det ein evig kamp mellom utleigar og leigetakar med å ta inn stoffmøblar. Så kjem dei kvart semester med øks og hoggar opp møblane og hiv dei. Så forsøker alle frå kvar etasje desperat å gøyme sofaane på romma til kvarandre for å redde dei frå Studierenwerk. Er på ein måte ein litt vond syklus. Også var det ein periode vi hadde innbrot av uteliggarar som gjekk rundt og stjal ting på nattestid. Samt brann i søppelbøtta utanfor.

– Korleis kan ein sjå at ein arkitektstudent bur her?

– Du kan kanskje spotte ein tracingrull eller solid haug med fineliner pennar, men elles er bustaden ganske arkitektstreit.

– Er du opptatt av korleis det ser ut her?

– Ja og nei. Ein er jo berre her for eit år, og som arkitektstudent søv eg stort sett berre her - om ein ikkje er på skulen er jo ein rundt omkring og utforskar byen. Men ein ønskjer jo å sette sitt preg på det og gjere det litt meir hyggeleg. Ein god lampe kan gjere mykje med eit kjipt rom.

og